Lokalpolitikkens utfordringar

Kva fylgjer har sterk vekst i folketalet?
Stavanger har vore oljehovudstad i 40 år, men har ikkje bygd ut infrastrukturen i takt med veksten i folketal og økonomisk aktivitet. Likevel har byen planlagt høgare vekst framover enn andre store byar i Norge. I Handlings – og økonomiplanen for 2015 til 2018 er det forutsett 1,3 % befolkningsvekst i 2015 og 1,6 % i resten av planperioden. Men har vi oversikt over konsekvensene av sterk vekst i folketalet? I notat og framlegg til bystyret er det vanskelig å finne analyser av dette – ikkje minst eventuelle problem. Nå går det mot stagnasjon i folketalet, og unngår nokre problem. Har vi ufortent flaks ?.
Kva omsyn bør ein ta når næringstrukturen er einsidig og inneber store sykliske svingingar?
Stavanger har gjennomlevd vekstperiodar, avløyst av kriser:
Byen var ein stor seglskuteby, men mangla evne til omstilling då dampskipa overtok. Det førte til konkursras i Stavanger i 1880 åra.
Då hermetikkindustrien gjekk mot slutten, mangla Stavanger alternativ.
Situasjonen kan gjenta seg seinare. Det skulle ha vore avsett fond for slike situasjonar.
Byen har i mange år hatt høge inntekter. Mot slutten av valperioden 1995-99 vart det oppretta eit fond der aksjutbyte frå Lyse Energi AS skulle setjast av. Bakteppet var høge inntekter, men ein sårbar næringsstruktur. Ei støtpute for seinare situasjonar var på sin plass. Vi veit at oljenæringa har sykliske svingingar.
Kor mykje har blitt sett av på det dette fondet til bruk i situasjonar som vi nå opplever? Utan å vera etterpåklok , kor mykje burde ein ha sett av på dette fondet ? 

Økonomisk risiko i den kommunale verksemda
I ein gjestekommentar i Aftenbladet i 2007 skreiv noverande styreformann i Lyse, Harald Espedal, om typiske trekk i finansnæringa: «Opplevelse av risiko sløves over tid i oppgangskonjunktur. Feil og vurderingssvikt skjer gjerne seint i oppgangsperioden.» Spørsmålet er om noko av det same fenomenet kan gjelda i offentleg verksemd som Stavanger kommune. I jappetida hadde kommunen store investeringar som vart lånefinansiert. Lånegjelda auka med kring ein milliard kroner til kring det tredobbelte av det den var i utgangspunktet. Det var ein stor sum i høve til kommunens økonomiske bereevne den gongen. Rentene var høge. Det gav store kapitalkostnader og sterkt redusert handlefridom då det etterpå vart arbeidsløyse.
Dersom kommunen hadde gjort dei same investeringane i eit lågare tempo, ville kommunen truleg sloppe gjeldsauka, og fått ein større handlefridom. Men det er særs vanskeleg, for alle, å halda igjen når tidene er gode og pilene peikar oppover. Spørsmålet er om det er mogeleg å få gjennomslag for slakere tempo i ein «vinnarkultur» – prega av pågangsmot og dristighet. Observasjonar frå finansnæringa tyder ikkje på det.
Det sentrale element i Stavangerkulturen frå seglskutertida og fram til i dag kan vera sterk hyllest til det eksisterande, kortsiktig tenking og manglande evne til å sjå framover og slik bli i stand til å takla omstilling. Beundring for det eksisterande kan hindra at ein ser like godt som andre når endringar kjem.
Kvifor blei Stavanger oljehovedstad ?
Var det kløkt frå Stavanger som gjorde at byen vart oljehovudstad?
Frå kommunesamaanslåinga i 1965 og fram til 1.janaur l972 hadde Stavanger lågare folkevekst enn landet totalt sjølv om det skjedde ei kraftig folkeflytting til byane. Det var ein konsekvens av næringstrukturen her. Sentrale industriverksemder hadde allereie problem utan at det var alternativ den gongen. Sandnes vaks om lag tre gonger så sterkt, meir på line med byane som konkurrerte med Stavanger om Statoil og Oljedirektoratet i 1972.
I l971 vedtok Stortinget dei ti oljebuda der det fjerde lyder:
At utviklingen av en oljeindustri må skje under nødvendig hensyn til eksisterende næringsvirksomhet og til natur- og miljvern.
I samsvar med dette måtte Stortinget nødvendigvis vedta at Stavanger skulle bli oljehovudstad. Byen hadde ledige ressursar medan Bergen og Trondheim var pressa. Dette kan endra forestillinga skapt i Stavanger om Bergen og Trondheim som mindre fornuftige i kampen om olja.
Ved valet for fire år sidan takka Sevland for seg etter 16 år som ordførar. Intervjua av Aftenbladet 30.september 2011 sa han:
Jeg tror at noe av Stavangers styrke ligger i å tenke dristig, stort og langsiktig i fellesskap. Denne oppskriften har fungert i Stavanger. Sammen har vi bygget posisjoner som mange misunner oss. Stavangermodellen er blitt et varemerke for fremgang og kvalitet.
Spørsmålet er om det litt suverene Stavangerske sjølvbiletet er til hinder for å driva realistisk framtidsretta politikk?
Kva nå Stavanger ?
Situasjonen etter oljeprisfallet har eit bakteppe: I 2007 skreiv Finansdepartementet fylgjande i Nasjonabudsjettet:
«På lengre sikt antas det at økt produksjonskapasitet i i OPEC- landene og lavere økonomisk vekst vil bidra til gradvis fall i oljeprisen. En så høy oljepris som nå vil føre til en utvikling av mer energieffektivt kapitalutstyr, som vil dempe veksten i forbruket. De høye oljeprisene vil dessuten føre til økte investeringer og dermed økt tilbud av olje. Det er derfor forutsatt at oljeprisen faller gradvis til et langsiktig nivå på 220 2007 kroner (dvs ca 30 dollar pr fat) fra og med 2015.»
Finansdepartementet hadde såleis åtvara mot ein langt lågare oljepris enn den vi no har. Har Stavanger evna å ta til seg fagleg funderte råd i utforminga av politikken?
Oljeverksemda har fått eit omfang kring det tredobbelte av det som opphavleg vart rekna maksimalt forsvarleg (opphavelege grense 90 millionar m3 oljeekvivalentar pr år).
Sentrale problemstillingar for byen si framtid må koma på dagsorden. Då kjem ein ikkje utanom ei evaluering av politiske prosessar og val som er gjort så langt. Er vi flinke nok til å forma vår eiga framtid, eller skal vi overlata dette til avgjerder tekne andre stadar.
Har vi ein kultur som gjer det mogeleg å stilla nødvendige kritiske spørsmål? Kva fylgjer kan det få om vi ikkje kan gje eit trygt ja-svar på spørsmålet?

Seniortanken

Njål Kolbeinstveit

Åsleik Rannestad

Ivar Sætre

Hjalmar Inge Sunde

Torvald Sande

Kjell Traa

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar