Auka skatt på energiselskapa

Dette innlegget vart publisert i Stavanger Afenblad (nettsida) den 3.oktober 2022, med tittelen «Regjeringas grunnrentebegrep er naudsynt for å kjøla ned økonomien».

Regjeringa har varsla at det den vil  foreslå auka skatt bl a på energiselskap som Lyse. Eigarkommunane har alt sett for seg uka aksjeutbytte som dermed kjem i fare. Stavanger har nemnt milliard beløp, og dermed ein gigantisk auke i høve til tidlegare år. Skulle kommunane  få store ekstrainntekter ville det innebera at kommune blir i stand til å auka utgiftene sine vesentleg.  

Omsynet til vårt felles beste.

 Regjeringa har varsla at vi nå må bremsa offentleg pengebruk for å hindra for stort press i norsk økonomi. Norges Bank aukar renta for å  minska presset i økonomien og bremsa prisstiginga. Auka pengebruk frå kommunane som fylgje av større utbytte frå energiselskapa vil motverka den økonomiske politikken som skal ivareta fellesskapets beste. 

Staten har hatt store ekstra utgifter for å redusera den prisen vi betalar for elektrisiteten. At denne kostnaden på staten si hand blir finansiert gjennom auka skatt på energiselskapa nå, er rasjonell økonomisk politikk.  Alternativt måtte staten minska andre utgifter tilsvarande. Staten sien utgifter er i hovudsak bunden opp gjennom  det krav vi har til pensjon og  utgifter til organ som samfunnet er avhengig av. 

Kommunane vil også ha auka utgifter til energi. Det bør kommunane kompenserast for på ein måte som yter rettferd mellom kommunane. Dei overføringar kommunane årleg får frå staten er ein vesentleg del av kommuneinntektene som skal trygga at dei er i stand til å utføra oppgåvene sine. På statsbudsjettet for 2022 utgjer denne posten 259 milliardar kroner som utgjer kring 70 prosent av den årlege overføringa frå Oljefondet. Ikkje alle kommunar har inntekter frå energiverk. At kommunane skal ha eit forsvarleg inntektsgrunnlag for å gi innbyggarane dei tenestene dei treng, kan difor ikkje bygga på slike inntekter. 

Støtte til næringsliv for å motverka auka energiprisar bør skje gjennom staten slik at det kan skapa mest mogleg like ordningar – uavhengig av om kommune måtte vera ein rik kraftkommune  eller ikkje. 

Prisen på elektrisitet i Norge er nå ekstremt høg. Den var i fleire år svært låg. I åra som kjem kan vi ikkje gjera rekning med at dette låge nivået skal koma tilbake fullt ut.  Det er dermed sannsynleg at energiselskapa vil ha større overskot også etter den nåverande unormale situasjonen.  At det nå blir innført eit skatteregime som fører ein større del av dette overskotet til statskassen – og dermed fellesskapet –  verkar difor naturleg. 

Skattesystem må likevel utformast slik at det samstundes fremjar – og ikkje hindrar – investeringar som aukar kapasiteten i energiverka. Det inneber at brukarane av elektrisitet må betala den prisen som gjer det tenleg for energiverka å bygga ut ny kapasitet. Hvis brukarane ikkje vil betala denne prisen, bør det ikkje skje utbygging.  Desse  læresetningane innprenta NVE toppsjefen -sivilingeniøren V Hveding – politikarane i Norge  for kring 50 år sidan. Det er ein føresetnad for at vi skal bruka ressursane våre på beste måte. 

Vi har 50 års erfaring med å utvikla eit system for grunnrente  for oljesektoren som har gitt fellesskapet enorme inntekter, og likevel gitt både utanlandske og norske oljeselskap sterk vilje til å investera  i Norge. Oljeutvinninga er blitt nær tre gonger så stor som det Stortinget føresette som tak for utvinninga. 

Store utfordringar framover.

 At vi i åra som kjem må styrka forsvaret vil krevja større utteljingar frå staten. Dette skjer samstundes som utgiftene til pensjonistar og eldreomsorg aukar. Det  tilseier at vi  får behov for hardare prioritering. Norge har gjennom mange år vore i ein særstilling som har gitt oss større  velstandsauke enn andre.  Også i den nåverande situasjonen er vi sers heldige.  Dei auka utgiftene vi nå har som privatpersonar blir i hovudsak inntekter for fellesskapet. Det føreset at staten fører ein slik skattepolitikk som regjeringa nå foreslår. At detaljar i dette kan pussast på  er normalt i ein politisk prosess, men retningen må ligga fast.  

Seniortanken 

Gunnar Berge 

Hjalmar Inge Sunde  

Njål Kolbeinstveit

Egil Harald Grude