,

Føresetnadene for gode løysingar? 

Om grunnlag for politiske beslutninger, med spesiell referanse til lokale forhold i Rogaland. Publisert i Stavanger Aftenblad 12.desember 2018 under tittelen: Kommunedebatten: Har Stavanger-regionen dei rette føresetnadene for å skape gode løysingar?

Natasja Askelund finn i ein gjestekommentar i Aftenbladet i førre månad grunn til å vera redd for at demokratiet blir svekka.  Ho fryktar amerikanske tilstandar hos oss,  og  dreg linjer til ytringsformer i  striden lokalt om bompengar. 

Å drøfta om vi tek godt nok vare på demokratiet er viktig.  For omlag 50 år sidan sa den amerikanske økonomen John Kenneth Galbraith  at USA var ei verdsmakt på veg inn i djup krise fordi ein tilfreds majoritet ikkje ville betala meir skatt. Hadde han blitt høyrd, kunne USA i dag truleg  vore eit  betre samfunn med eit meir funksjonsdyktig demokrati.  Fleire moment verkar sjølvsagt  inn. Måten det amerikanske samfunnet er organisert på,  bl a fordelinga av makt mellom  statane og det nasjonale nivået kan gjera det vanskeleg å få til effektiv styring.  Måten vi fordeler makt på, og kva prioriteringar politiske organ vel, er faktorar som verkar inn på kor godt demokratiet fungerer.   

Bompengar og transport

Striden om bompengar kan nå gje oss grunn til å drøfta politiske prosessar i regionen vår. Bypakken er  på plass  etter  langstrakt politisk arbeid. Når den endeleg skal takast  i bruk , finn  visse politikarar som har vore med å vedta den, at den nå er mindre brukbar  enn då dei var med på vedtaket.

Skal vi vurdera det som har skjedd i saka , kan samanlikning med andre byar  vera til hjelp.  Bergen har  i fleire år hatt  bybane. Bergen kommune hadde  279000 innbyggarar ved siste årsskiftet. Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg hadde  til saman 242.000 innbyggarar. I fylgje Aftenbladet har Trondheim med 190.000 innbyggarar planar for sykkelvegar og kollektivfelt med lågare kostnader enn Stavanger. Oslo har kommunikasjonar som er i verdstoppen. 

Kva er det som gjer at regionen vår – ein av dei mest vekstkraftige og rikaste regionar i landet – ikkje har fått ut fingen før – og nå sit utan ei ferdig utbygd løysing , ein del lunkne politikarar og visse grupper med sterk missnøye? 

Kommunegrensene

 Den viktigaste skilnaden mellom oss og dei nemnde byane, kan vera at her er det fire kommunar som må bli samde før ein har ei løysing.  Straks to kommunar er inne i biletet –til dømes   Oslo og Bærum  i saka om Fornebubanen– ser det ut til at det  oppstår komplikasjonar  i samarbeidet som hindrar framdrift.

Skal fire kommunar i regionen vår  – kvar med ulike politiske parti som alle skal markera seg og til slutt likevel bli samde –  kan det vera forståeleg at prosessen tar tid. Prosessen kan dessutan bli så uoversiktleg at det kan oppstå noko som kan minna om ansvarsfråskriving for kostnadene  ved investeringane.  Det får konsekvensar for bompengane. Det kan difor vera  naturleg  at Trondheim finn billegare løysingar enn Stavangerregionen.  

Har vi i eit system  med så mange aktørar – spreidd på fleire kommunar  at vi manglar kraft  til å foreta ei vurdering av kvaliteten til løysinga ein omsider er blitt einige om? 

Problemstillinga er kjend frå faglitteratur. Professor i psykiatri Nils Johan Lavik har skreve boka Politisk psykologi. Der er omtalt  situasjonar der  einighet   blir prioritert høgare enn å finna den beste løysinga.   Det er rimeleg at slikt skjer der prosessen blir for tungvint. Når innvendingar kjem frå personar som har vore med på vedtaka lenge etter at vedtak er gjort, kan det tyda på at den politiske prosessen har blitt for vanskeleg. 

Regionen vår har  felles arbeidsmarked.  A oppnå mål  om mindre forureining frå arbeidsreiser og meir effektive kommunikasjonar, får som ein naturleg konsekvens at vi må ha eit felles politisk organ som kan sjå  dei samanhengane når politiske vedtak blir gjort.  Manglar vi det, vil det gå ut  over velferden vår.  Det kan også gjera regionen vår  mindre atraktiv for næringsetablering.

  Oslo har i seinare år oppnådd meir effektive kommunikasjonar fordi  busettinga er blitt meir konsentrert. Høge bompengar vil vera ein konsekvens dersom offentlege kommunikasjonar fangar opp ein liten del av arbeidsreisene, og privatbilen må ta ein stor del. Det er tilfelle i regionen vår. Det krev støre krav til vegkapasiteten, og kan få konsekvensar for bompengar. 

Ansvaret for det overordna blikket 

 Kan vi slå oss til ro med eit system  som ikkje er i stand til å skapa like gode løysningar som andre regionar vi kan samanlikna oss med? Kva vil skje med regionen vår  på lengre sikt  dersom dei politiske  prosessane våre er mindre effektive enn det andre samanliknbare kommunar har? Vi kan også vera budde på at framtida vår –  ikkje i same grad som hittil – vil vera oljesmurt. Også olje i same omfang som hittil, vil bli ein mindre del av norsk økonomi, og stilla større krav til effektivitet.  

Må kommunestrukturen  fastsetjast  av eit demokratisk vald organ som ser heilskap før vi kan forventa at lokale avgjerder skal skapa gode løysingar i rett tid ?   

Kva hadde skjedd med regionen vår dersom Stortinget ikkje hadde sett det ansvaret på l960 talet då kommunane Stavanger, Madla og ein del av Hetland vart slått saman i l965, og Sandnes  det same med Høle, Høyland og den andre eav Hetland?

Seniortanken

Njål Kolbeinstveit 

Hjalmar I. Sunde

Torvald Sande

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar