Kva er det som har råka Arbeiderpartiet?

Kommentarer til valgresultatet for Ap i 2017. Publisert i Stavanger Aftenblad 19.september 2017
Ved siste årsskifte låg Arbeidarpartiet like under 36 prosent på meiningsmålingane. Partiet har dermed i løpet av 8 månader tapt kring 8 prosent – nokolunde tilsvarande den samla oppslutninga til Kristeleg Folkeparti og Venstre ved valet.
Kva er det som kan utløysa så store svingingar over kort tid?
Ser ein på summen av oppslutninga om Arbeiderpartiet, Senterpartiet, SV og Rødt, har den i same perioden gått tilbake frå ca 48,5 prosent til 46 prosent, dvs ca 2,5 prosent.
Velgjarar har flytta til Senterpartiet som har hatt ein framgong på kring 3,5 prosent og SV på vel 2 prosent.
Tapet til Høyre og Framskritspartiet kan sjå ut til å vera kring 3 prosent, og trygga den sitjande regjeringa.
Kva er årsak, og kva er verknad?
Partileiaren Støre har søkt å legga partiet mot sentrum. Det kan i utgangspunktet reknast som klok politikk for å få eit fleirtal som gir grunnlag for regjeringsmakt. Det føreset at velgjarane aksepterer ein slik logikk.
Det har venstresida og distriks- arbeiderpartiet- særleg i Nord Norge – ikkje akseptert. Valgarane har flykta mot Senterpartiet og SV. Også Rødt har hatt framgong. Det ville gje eit meir radikalt arbeidarparti i regjering. Velgjarar på høgresida i Arbeidarpartiet kan ha kjent frykt for eit grønare og mindre oljevenleg parti. Då er vegen kort til Høgre og Framstegspartiet. Det kan forklara resten av tilbakegongen til Arbeidarpartiet., og tilsvarande framgong for regjeringspartia gjennom året. Ei oppsplitting av venstresida i norsk politikk med avskaling til høgre til fylgje har fått konsekvensar for kven som fekk regjeringsmakt. Erna bør senda blomar til dei som har gitt henne denne avgjerande hjelpa.
Einar Gerhardsen skriv om sin periode like etter krigen at han med bakgrunn i mellomkrigstida sine erfaringar, alvorleg frykta splitting av arbeidarrørsla. Den frykten gjorde seg særleg gjeldande då Norge forlet nøytral tryggingspolitikk og gjekk inn i Nato i l949.
Den interne striden i arbeidarrørsla kom på ny til overflata då Sosialistisk Folkeparti vart skipa, og i l961 fekk to representantar inn på Stortinget . Det fråtok Arbeidarpartiet fleirtalet partiet hadde hatt sidan l945. I l963 felte SF representantane og dei borgarlege regjeringa. Då det var eit faktum gjekk Finn Gustavsen frå SF på talarstolen i Stortinget og sa han ville ha ein ny, meir radikal arbeidarpartiregjering. Vi fekk ei kortvarig borgarleg regjering, men det kan sjå ut til å ha lagt grunnlaget for solid borgarleg siger ved stortingsvalet to år seinare.
EF striden gav Arbeidarpartiet ein kraftig tilbakegang ved valet i l973 og SV ein tilsvarande framgong, men det vart ein kortvarig episode.
Styrken til Arbeiderpartiet har vore å føra ein konsistent politikk. Før dette valet har partiet varsla skatteauke. Gjennom siste valperioden har overføringar frå oljefondet auka med nær 100 milliardar kroner. Det er semje om at veksten ikkje kan halda fram. Dessutan kjem eldrebylja med større krav til eldreomsorg og store pensjonsutbetalingar. Bl.a. lågare pensjonsalder fører også til færre personar i arbeid. .
Regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet har eit realistisk bilete av dette i dei utgreiingar regjeringa har lagt fram. Rasjonalisering av offentleg sektor har skapt motkrefter og gitt Senterpartiet vind i seila. Kommunestruktur, politistruktur og helsepoltikk kan her vera stikkord.
Vi går frå ein periode der Ole Brumpolitikk –ja takk begge delar – har fungert utan synlege skadeverknader. Arbeidarpartiet gjer det til vanleg godt når skadeverknader etter slik politikk skal rettast opp. Det kom klar til syne etter jappetida då norsk økonomi måtte gjennom ein hestekur for å koma på føtene igjen.
Bak dette må vi hugsa dei store strukturendringane som har skjedd i Norge. Det er blitt langt færre industriarbeiderar. Venstrekreftene må henta velgjarar frå eit vidare spekter av arbeidslivet. Dei sterke banda mellom viktige delar av arbeidslivet og partiet har ikkje same effekten som før.

Seniortanken; Njål Kolbeinstveit, Gunnar Berge, Hjalmar Inge Sunde, Jostein Soland

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *