Kven skal få makta i Stavanger til hausten ?

Om politisk kultur i Stavanger – Publisert i Stavanger Aftenblad 28.april 2015

Valet i haust avgjer ikkje berre kven som skal få ordførarkjedet. Det følgjer også med ein politisk kultur, ein tenkjemåte og eit kontaktnett som i større eller mindre grad kan opna for nye utfordringar og nye løysingar. Det er difor viktig å sjå på den politiske kulturen som dei ulike alternativa utgjer.

Cecilie Bjelland, leiar av Arbeidarpartiet si bystyregruppe, og ordførar Christine Sagen Helgø kan sjå ut til å vurdera den politiske kulturen ulikt. Bjelland har etterlyst ein betre debattkultur, medan Helgø med 14 års erfaring i politikken finn seg vel til rette slik forholda er. Det er på sin plass med nokre refleksjonar frå utsida.

Eit sitat om bedriftskultur kan gi eit visst perspektiv også på den politiske kulturen :
Det er med bedriftskulturen som med fjøslukta, den merkast sterkt når ein kjem inn utanfrå, men ikkje når ein er i den.

At det er likt i politikken, er naturleg. Difor er det rimeleg at dei to nemnde politikarane begge kan snakka frå levra, og likevel ha høgst ulike syn. Er det særlege forhold i Stavanger som kan føra til både sterk ”fjøslukt” og manglande erkjenning av lukta?

Då president Eisenhower i l961 forlet Det kvite hus etter åtte år, i eit avskilsintervju i fjernsynet, hadde han ein viktig bodskap. Det var om den totale økonomiske, politiske, ja åndelige innverknad det militær-industrielle kompleks utøvde overalt i forbundsregjeringa, og som påverka heile samfunnsstrukturen. Det vart åtvara mot ei katastrofal og malplassert makt. Maktkonsentrasjonen som Eisenhower viste til, kan lett føra til ei gruppetenking som totalt dominerar diskusjonen og avviser kritiske ytringar.

Den posisjonen oljesektoren har fått i dei siste 40 åra kan gje grunn til å spørja om vi har fått ein maktkonsentrasjon i Noreg som påverkar vår tenkjemåte lik det militær-industrielle kompleks i USA. Kåre Willoch har skreve ein kronikk om « Økonomiske lederes uheldige politiske makt». Han nemner oljesektoren sin innverknad særskildt, men fenomenet har langt større rekkevidde. Også hos oss kan forsvarets kjøp av utstyr ha store industrielle og politiske verknader. Her i oljehovedstaden kan vi ha særleg grunn til å frykta makta som Eisenhower og Willoch åtvarar mot med kvar sin bakgrunn. Er vi opptekne av komande utfordringar, er det grunn til å legga politikk og tenkjemåte i byen vår under kritisk vurdering.

I kommunepolitikken i Stavanger har Høgre hatt ein svært dominerande plass, særleg då også Arbeidarpartiet var med i fleirtalskonstellasjonen. At det kunne utløysa ein smule rabalder, både internt og i høve til andre politiske parti i Stavanger, då Arbeidarpartiet vende tilbake til ein meir normal opposisjon, var å venta. Vil vi byen vår vel, analyserer vi kva utfordringar som kunne vore løyste betre, ikkje for å finna syndebukkar, men for å skapa ein meir funksjonsdyktig politikk for framtida. Stavanger står føre store utfordringar. Viktig infrastruktur har ikkje halde tritt med veksten i folketalet. Bustadmarknaden i Stavanger er ikkje velfungerande. Vi har ein næringsstruktur der oljesektoren veg svært tungt.

For eit par år sidan åtvara leiaren av Skagenfonda, Harald Espedal, det årlege Solamøtet om uheldige fylgjer av forventa reduksjon i oljeprisen, men vart møtt på ein måte som kan tyda på manglande evne til å innsjå krevande utfordringar sjølv i nær framtid. .

Det er naturleg at leiarane for posisjon og opposisjon i Stavangerpolitikken har ulike mål og ulike vurderingar i konkrete saker. Likevel bør det vera eit felles grunnlag om korleis eit politisk ordskifte skal fungera. Om det ikkje er tilfelle, er det grunn til å ta saka på alvor. Dersom det samstundes kan registrerast av politikarane sjølve, eller observatørar, at sentrale saker ikkje blir løyste tilfredsstillande, er det ein ekstra grunn til å gå etter den politiske kulturen nøye. Målet må vera at det politiske miljøet legg til rette for ei sunn meiningsbryting som fører til gode politiske vedtak.

Kommunesamanslåing vert eit viktig tema framover. Skal Stavanger oppnå å gå inn i ein større samanslutning på ein konstruktiv måte som betre tek hand om felles utfordringar, har ein alt å tena på å sjå kritisk på eigen kultur snarast.

Same politiske leiarskap over lang tid vil også setja preg på administrasjonen. Det kan gi årsak til ukultur. Ordfører Stanley Wirak i Sandnes har påverka administrasjonen på ein måte som både innbyggarar og hytteeigarar i Sandnes kan gleda seg over. Den uvanlege politiske konstellasjonen i Sandnes – med solid støtte – kan tyda på at eit fleirtal både i bystyret og blant folk flest har funne utlufting av etablerte maktstrukturar som det viktigaste for å gi Sandnes ei god framtid.
I Stavanger utgjer fleirtalskonstellasjonen parti der leiarane har hatt taburettane sine i Rådhuset over svært lang tid. No står byen føre to store utfordringar til same tid:

Den viktigaste næringa, oljesektoren, er kome til eit punkt der den ikkje lenger kan vera vekstmotor sjølv om den i overskueleg tid vil vera den viktigaste næringa. Det gjev nye og krevande utfordringar. Regionen vår kan ha særleg grunn til å ta på alvor den utfordringa både regjeringa og Norges Bank ser for framtidig verdiskaping.

Samtidig skal kommunestrukturen fastleggast. Samanslåingar skaper alltid store kulturelle utfordringar. Det er normalt slik at den største parten må visa særleg klokskap om ein skal lukkast.
Utlufting i den politiske leiarskapen i Stavanger kan vera avgjerande for at fleire nærliggande utfordringar kan løysast på ein god måte.

Seniortanken

Njål Kolbeinstveit

Ivar Sætre

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar