Om kulturlandskap og jordbruk (Publisert i Stavanger Aftenblad 2017.01.24)

«Melkebønder på Jæren er mest optimistiske» skriv Aftenbladet onsdag 16. d.m.
Bonden May Britt Lode ( 39år ) blir presentert blant dei mest optimistiske bøndene i landet.
Ho har i fylgje avisa ein gard med 830 mål dyrka mark, dessutan 130 mål beite . Ho leverer 76 tonn slaktegris i året , har melkekvote på 592.000 liter og produserer 27 tonn storfekjøt.
Vi meiner det er grunn til å setja denne optimistiske jærbonden i eit nasjonalt perspektiv :
Skulle dette vera norm for kva framtidas gardsbruk skal produsera, vil det vera nok med kring 4000 gardsbruk for å produsera det norske bønder totalt produserer i dag. Det inneber at 90 prosent av dagens bruk må avviklast som sjølvstendige einingar.
Dagens bruk på vel 40000 totalt er redusert frå kring 150000 frå starten på l970 talet. Då var folketalet i Norge knapt 4millionar og nå er det ca 5 mill. Melkeproduksjonen er nokolunde på same nivået, og Norge er sjølvforsynt med melk.
Kor sårbart – og avhengig av importert kraftfor – er det systemet den omtalte jærbonden representerer?
Kva verknader har det for kulturlandskapet vårt om jordbruket skulle bli omskapt mot det som skaper optimistiske jærbønder?
Norge har nå passert USA målt i inntekt pr innbyggar med 18 prosent og ligg i verdstoppen.
Utgifter til mat utgjer omlag 11 prosent av privat konsum. Dei subsidiar som vert gitt til landbruket i form av overføringar over statsbudsjettet og skjermingstøtte kan vera kring ein prosent av inntektene våre.
Kva skjer med vårt kulturlandskap som er blant verdas finaste, om vi ikkje har ei medviten målsetting for å ta vare på det?
Sjølvsagt vil det skje forandringar , men skal det bli samsvar mellom politiske mål og det som blir realisert, må måla bli basert på respekt for fagleg innsikt frå fleire profesjonar.
Faktorar som må tilleggast vekt i ein framtidig landbrukspolitikk og dermed gje forutsigbare føresetnader for utøvarane i bransjen :
Kor mykje er vi viljuge til å betala for å ta vare på kulturlandskapet vårt?
Kva vekt skal vi legga på å redusera sårbarhet i matproduksjonen?
Slike problemstillingar må ta omsyn til kva vi trur om framtida.
Truleg vert vi både rikare og fleire. Dessutan kan ny teknologi koma til å erstatta arbeidskraft og gi meir rom for fritid. Det kan gje større verdi til kulturlandskapet.
Skal det skapast fleirtal for ein politikk som også kostar må den også avvegast mot andre politiske mål.
Er det slik at utkantbonden har eit sjølvbilete som matprodusent der han er dømd til å tapa mot den optimistiske jærbonden?
Eller bør det bli slik at utkantbonden sin matproduksjon blir konkurransedyktig fordi den samtidig er eit nødvendig verkemiddel for pleie av kulturlandskapet? Bare slik kan vi truleg oppnå dei politiske mål om pleie av kulturlandskapet. Det kan i så fall ha store konsekvensar for kva som i framtida kan vera effektiv landbrukspolitikk. Då kan også utkantbonden framstå optimistisk på linje med jærbonden.
Seniortanken
Njål Kolbeinstveit
Åsleik Rannestad
Hjalmar Inge Sunde
Torvald Sande