,

Ukraina: Våre varme hjarte og kalde hovud 

Dette innlegget ble publisert i Stavanger Aftenblad den 30.desember 2022, under tittelen «Ukraina krev varme hjarte og kalde hovud».

************

Ukraina: Våre varme hjarte og kalde hovud 

Det som har gjort sterkast inntrykk i året som går ut, er at det har blitt krig i Europa.  Korleis dette kunne skje,  gir grunn til ettertanke. USA har i meir enn ein generasjon åtvara Tyskland mot å bli avhengig av russisk gass.  Årsak til åtvaringa er klar: Det gjorde Europa sårbart, og gav Russland ei makt som kunne bli fårleg. Vi – og andre – har bygd ned forsvaret vårt, og redusert den prosentvise delen av inntekta vi nyttar, til forsvar. 

Det er nødvendig å spørja oss sjølv i Europa om vi har vore for naive, og om denne naiviteten i seg sjølv har medverka  til  Russlands krig mot Ukraina.   At tyskarane – med behov for utsoning i høve til det russiske folket    og med ei stor folkegruppe i aust som gjennom to generasjonar vart indoktrinert med sovjetisk ideologi, har store politiske utfordringar, må vi ta på alvor.  Dei var raske til å innsjå alvoret etter Russland sitt angrep, og erkjenna at dei trong å auka forsvarsløyvingane sine radikalt. Det tyske folket må vi forstå og kjenna oss solidariske med.

Hjelp til Ukrainas sjølvstendekamp

Det er ei utfordring å forstå korleis vi best kan hjelpa til at det ukrainske folket skal få tilbake fridommen sin. Den terroren det folket blir utsett for er forferdeleg. 

Hjelpa vår har to viktige sider: 

  • Det er viktig å markera at vi står skulder ved skulder saman med andre demokrati og rettstatar når urett blir gjort. Krig må ikkje svara seg for aggressor, den bør kosta.
  • Dessutan – vi må hjelpa det ukrainske folket – slik at dei kjenner seg inkludert i eit fellesskap som står saman med dei. 

Frå norsk ståstad kan vi nå vurdera hjelp til Ukraina – og solidaritet med våre Europeiske naboar – som eit nødvendig bolverk mot krig og urett som også kan ramma oss sjølve. Tap for Ukraina nå, kan bety risiko for mange. Hjelp i denne situasjonen kan vurderast som ein viktig del av vårt totalforsvar.  

Norge tener på krigen

Det er mogleg å sjå at vi – ein av verdas minste nasjonar – har dei aller beste føresetnader for å hjelpa til økonomisk – både å hjelpa Ukraina i kampen for eige sjølvstende – og deretter til å bygga opp att landet. Vi må hugsa på at vi – heile Europa – etter andre verdskrigen sjølv mottok stor hjelp frå USA. Dei landa der Sovjet hadde påverknad, vart då hindra i å motta hjelp frå USA. 

Staten si ekstrainntekt dette året frå petroleumsektoren på vel 1.000 milliardar kroner tilsvarar kring  200.000 for kvar av oss 5,5 millionar nordmenn. Dette kjem på toppen av dei milliardane som Oljefondet tek inn, og som vi av omsyn til stabilteten i norsk økonomi ikkje kan bruka på oss sjølve – Handlingsregelen.  Økonomisk hjelp frå Norge nå, kan også fremja solidaritet i Europa. Måten dette må skje på, treng kløktig omtanke der fagkunnige frå ulike felt blir lytta til. 

Vi må fordela betre

Vi er rike nok til å fordela betre mellom oss av det vi totalt kan bruka i Norge. Det er ei viktig påminning til oss som har opplevd utruleg velstandsvekst gjennom dei siste to generasjonane, og har levd lenge nok til å forstå kva dette betyr. At vi har makta å heva levestandarden i Norge så kraftig, har føresett godt samarbeid og høg tillit. At vi nå løyser dei utfordringane som fattigdom utgjer i Norge, er ein føresetnad for at vi framleis skal ha tillit til samfunnet sine institusjonar og eit  velfungerande demokrati. Viktigaste utfordringa knytt til inntektsfordeling kan nå vera å trygga at færrast mogeleg unge fell utanfor utdanningssystemet. Det vil også gjera det meir overkommeleg å gi fullverdig hjelp til dei som av helsemessige årsaker ikkje kan gjera full innsats i arbeidslivet. 

 Av omsyn til Europa framtid og oss sjølve – og etterkomarane våre – treng vi nå varme hjarte og kalde hovud.  

Seniortanken:

Njål Kolbeinstveit, Jostein Soland, Hjalmar Inge Sunde, Kjell Traa, Ivar Sætre ,Gunnar Berge, Egil Harald Grude