,

Ei viktig utfordring.

Om fremtidige utfordringer, og nødvendige omstillinger, i Stavanger-regionen når petroleumsvirksomheten avtar. Publisert i Stavanger Aftenblad 30.januar 2018 under tittelen «Utfordringa ligg i grenselandet mellom kultur og næring«.
Med bakgrunn i stigande optimisme i petroleumsnæringa skriv Aftenbladet på leiarplass under overskrifta «Frykten for gode tider» fredag 19 .d.m. Det kan sjå ut til å vera fare for at avisa undervurderer viktige erfaringar.
At oljeprisen svingar kraftig opp og ned har med særpreg både på produksjons- og etterspurnadssida å gjera. Oppdrettsnæringa og shipping har av same grunn gjort alvorlege og kostbare erfaringar med kraftige opp- og nedturar. Både petroleumsnæringa sjølv og heile samfunnet vil tena på å tenkja meir langsiktig, og unngå å ta opp att gamle feil. Omfanget petroleumsnæringa har fått i regionen vår, gjer det særleg viktig for stabiliteten i næringslivet her – og utviklinga på lang sikt – at vi tek på alvor utfordringane som ligg her.
Regjeringa sin medisin.
Regjeringa skriv at den vil «gjøre norsk økonomi mindre sårbar for svingingar i oljeprisen gjennom å styrke veksten i fastlandsøkonomien». Det betyr i klartekst: Svingingane i oljeprisen ligg utanfor vår kontroll, men vi kan prioritera slik at petroleumssektoren blir ein mindre del av økonomien. Blir sektoren meir disiplinert i oppgangsfasar, kan det lettare aksepterast at den er stor. Det er særleg viktig for Vestlandet. Etterspurnaden frå sektoren er alt redusert frå 14 til 10 prosent av bruttonasjonalproduktet, og kan på sikt bli mindre. Etter at olja kom, er industrisysselsettinga redusert frå 25 til 10 prosent av alle sysselsette. Mange av desse er avhengige av olja. Vi treng større breidde for å bli meir robuste.
Oljesektoren har vore stålfjøra som har drive næringsutviklinga i regionen vår lenge. Då er det viktig for oss at aktørane tek omsyn til mønsteret med opp og nedturar. Fleire grunnar kan føra til at vi om få år stå overfor ein kombinasjon av mindre aktivitet frå oljenæringa, og kan ha færre alternativ sidan olja er så dominerande. Omstillinga i landet kan ikkje venta i fylgje regjeringas perspektivmelding. Utfordringa med å skapa tilstrekkeleg vekst utanom olja kan bli særleg stor i vår region. Eksport frå leverandørindustrien kan gje vekst også på lengre sikt. Dersom vi ikkje lukkast, kan konsekvensen bli at vi går frå ein fase med aukande del av folketalet i landet til å bli ein region med redusert del. Når ein by har press, veks ofte kommunane rundt sterkast. Når presset minkar, kan utslaga bli størst der.
Først må vi erkjenna kva utfordring som ligg her. Deretter kan vi drøfta ulike utvegar.
Fleire utfordringar?
Forskarar vurderer kva som kan bli næringar i Norge framover. Oslo har resursar for å bli ein by i verdsklasse på kapitalforvalting, står det i ein forskingsrapport frå Handelshøyskolen BI. Kompetansekrav og lønnsnivå kan samanliknast med oljebransjen. Dessutan kan den særeigne norske vektlegginga av vekst over heile landet, møta større utfordringar med strammare statleg økonomi. Desse faktorane kan gje sterkare konsentrasjon i hovudstaden. Regionen vår kan stå i fare for å missa konkurransekraft for dei mest lønnsame arbeidsplassane.
Stavanger har viktige arbeidsplassar med høge kompetansekrav og høge løner i finanssektoren. SR bank er ein av landet største bankar. Skagenfonda har nå fått nye eigarar utanfor regionen vår. Finanssektoren kan representera mulegheiter for regionen vår, men det er ikkje sjølvsagt. Den største lokale eigenkapitalen finst i det kommunalt åtte energiselskapet Lyse. Lite tenleg politikk – grøne sertifikat – har redusert verdien av vasskraftverka vesentleg. Finanssektoren kan ha langt større innverknad på resten av næringslivet enn det som normalt blir erkjent, særleg i kritiske fasar. Ein verknad av fallet i oljeprisen som skjedde sist, er at eigarskap og dermed styringsretten til store reiarlag er overtekne av kapitalkrefter utanfor Vestlandet. Det kan visa at Vestlandet har ein sårbar struktur. Det kan vera eit generelt problem som det vera grunn til å søkja konstruktive løysingar på før slike problem viser seg på nytt.
Utan ein medviten dugnad mellom forsking, kulturliv, næringsliv og politikk kan det fortrinnet olje og gass har gitt regionen gjennom dei siste 50 åra, smuldra bort. Her ligg ei utfordring i grenselandet mellom kultur og næring som vi bør ta tak i. Det er etter ein nedtur ein kan læra av naturlege svingingar i oljebransjen.
Denne vurderinga bygger på at olje og gass lenge skal ha ein dominerande plass i leveringa av energi. Andre føresetnader kan gjera at utfordringane våre blir større. Optimisme må også bygga på erkjenning av problem som finst. Heile regionen har ei felles utfordring. Særleg i fasar med optimisme bør vi ha medvit om kva som kan skapa problem lengre fram. Det kan gje større stabilitet. Gode prosessar for å nå felles mål kan føra til gode resultat.
Seniortanken
Njål Kolbeinstveit, Gunnar Berge, Hjalmar Inge Sunde, Åsleik Rannestad, Torvald Sande

 

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *