,

Vi må ikkje bli husblinde

Om næringspolitikk og verdiskaping  (Publisert i Stavanger Aftenblad 2017.01.04)

Truleg er den generelle kompetansehevinga som olje- sektoren har skapt i Norge, av langt større verdi for framtidig verdiskaping enn over 7000 milliardar i oljefond.

Det er kome påstandar om at olja blir snakka ned i Oslo. Kva problemstilling er det vi nå står overfor? Olje og gassnæringa har bidratt med vel femteparten av inntektsveksten pr. innbyggar etter 1970. I over 100 år har Norge hatt ein vekst som gjennomsnittleg har vore kring 3 prosent årleg. Det inneber ei dobling av verdiskapinga kvart 24. år. Viktigaste årsaka er større kunnskap som har medført store teknologiske framsteg.
Kan olja forbli bli den vekstfaktoren i norsk økonomi den har vore gjennom lang tid? To faktorar verkar nå samtidig:

Oljeprisen er redusert vesentleg frå ein topp på over 100 dollar fatet. Den har normalt store svingingar. Låg oljepris fører bl.a. til mindre oppdrag for leverandørindustrien.
Oljeproduksjonen hadde passert ein topp før prisfallet. Næringa har blitt større enn tidlegare føresett i politiske mål.

Sjølv om vi framover vel å omstrukturera økonomien for å gjera den grønare, vil oljesektoren vera største næringa i Norge i lang tid framover. Leverandørindustrien må tilpassa seg eit lågare aktivitetsnivå, og lågare prisar for oppdraga enn i åra med høg oljepris.
Avkasting frå oljefondet har vore ein aukande del av inntektene i statsbudsjettet. Framover kan avkastinga neppe veksa i takt med statens behov for inntektsauke.
Kva har vore særleg vellukka med oljesektoren? Byråkratane sin innsats før politikarane byrja å interessera seg for oljesektoren, kan reknast som ein suksess. Juristane sytte for viktige områder kom under norsk herredømme, og olja undergitt politisk styring. Stortingsmelding 25 frå 1973/74 klargjorde kva muligheiter som fanst for eit kvalitativt betre samfunn. Samstundes viste den at utvikling av oljenæringa og bruk av oljeinntekter kunne koma til å rasera delar av norsk industri, og gjera oss meir sårbare.

Kva har vore mindre vellukka? Høgremannen Kåre Willoch har skreve om økonomiske leiarar som altfor lett har fått politisk gjennomslag for sine forslag. Arbeiderpartimannen Finn Lied, som var statsråd for oljesaker då Statoil og Oljedirektoratet vart oppretta, har hevda at oljesektoren har fått veksa altfor mykje i høve til Stortinget sine opphavlege føresetnader. Industrien sin plass er dermed blitt redusert frå ein av fire arbeidsplassar til ein av ti. Mange er nå avhengige av oljesektoren. Dei ulemper regionen vår nå har, er ei fylgje av at oljenæringa sitt omfang har gjort oss sårbare. Dei sentrale politiske signala er at leverandørindustrien ikkje vil få same etterspurnaden som før frå norsk sektor.

Stavanger har tidlegare opplevd at viktige næringar ikkje har sett viktige strukturskifte som kom. Dei såg at dampskip kom til å utkonkurrera seglskutene, søkte kontakt med reiarmiljøa i Bergen då dei ikkje fekk gjennomslag i Stavanger. For sterk tru på det tilvande førde då til konkursras i Stavanger frå tidleg i 1880-åra.

Då Efta-medlemskap førde med seg både store strukturendringar og sterk økonomisk framgang frå 1960, greidde ikkje hermetikkbyen Stavanger å henga på lasset. Byen hadde låg folkevekst og låge inntekter. I landet generelt var det full sysselsetting og høg vekst.

Då Statoil og Oljedirektoratet skulle plasserast fyrst på 1970-talet, var Stavanger byen med ledige ressursar. Den var dermed den beste plasseringa for samfunnet totalt. Bergen og Trondheim var heller ikkje interessert. Historia kan læra oss at ei næring som blir så dominerande for byen som skipsfarten i seglskuteperioden, hermetikken i si tid og olja nå, kan gjera oss husblinde så vi ikkje ser vårt eige beste.

Njål Kolbeinstveit
Torvald Sande
Åsleik Rannestad
Seniortanken

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *